Annonse

Jansrud må stå over NM

Kjetil Jansrud må igjennom medisinsk behandling for ein ryggskade og står derfor over alpin-NM i Narvik denne veka, skriv NRK. 

Annonse

Jansrud vann super-G-cupen denne sesongen, og enda som nummer to i verdscupen totalt. Han har derimot slite med ein ryggskade i lang tid, og må igjennom medisinsk behandling. Det fører til at NM går utan 31-åringen, fortel NRK.

Fleire andre norske landslagsutøvarar stiller til start i NM som startar onsdag.

Programmet for NM: Onsdag: superkombinasjon, torsdag: Utfor, fredag: super-G, laurdag: storslalåm, søndag: slalåm.

(©NPK)