Annonse

Jansrud på femteplass då Windingstad sikra NM-tittelen

Rasmus Windingstad køyrde seg opp frå 6.-plass til siger under superkombinasjonen i NM torsdag. Kjetil Jansrud, som leidde etter 1. omgang, vart nummer fem.

Jansrud hadde 1,47 sekund å gå på til Windingstad etter utfordelen, men i slalåm var Windingstad klart sterkast.

Hans totaltid på 1.59,27 gjorde at han sikra seg NM-gullet med 0,46 sekund margin til Joachim Jagge Lindstøl på sølvplass.

Sebastian Foss Solevåg tok bronsen, mens fartsspesialist Jansrud måtte nøye seg med ein femteplass. Han var 1,12 sekund bak Windingstad etter at finaleomgangen var køyrd.

Henrik Kristoffersen låg på ein 34.-plass etter utfordelen, men køyrde seg som venta stort opp i slalåm. Han hamna til slutt på 16.-plass, og det skilde 3,45 sekund til Windingstads vinnartid.

Adrian Smiseth Sejersted, som vann NM-utforen onsdag, låg på andreplass etter utfordelen, men i slalåm sleit han og køyrde ut.

På kvinnesida sikra Marte Berg Edseth NM-tittelen etter ein strålande slalåmomgang i superkombien. Edseth låg på andreplass etter utfordelen, 0,84 sekund bak Hannah Sæthereng.

Ingen i toppen makta å tukte 19-åringen i finaleomgangen, og Edseths slalåmtid på 43,97 sikra henne sigeren med 0,94 sekunds margin på Sæthereng.

Ho tok dermed sin andre NM-tittel på like mange dagar. Onsdag vann ho utforen i Hafjell.

Maren Skjøld køyrde seg opp i finaleomgangen og enda på tredjeplass torsdag. Ho var 0,98 sekund bak Edseth. Ho låg på åttandeplass før slalåmdelen.

(©NPK)

Rasmus Windingstad sikra NM-tittelen i superkombinasjon i Hafjell torsdag. Foto: Alessandro Trovati / AP / NTB scanpix