Japan og EU gjer klar mottiltak mot Trumps metall-toll

Japan og EU har varsla Verdshandelsorganisasjonen (WTO) om at dei gjer klar mottiltak mot USAs toll på stål og aluminium. Dermed rykkjer handelskrigen nærmare.

Japan og EU har varsla Verdshandelsorganisasjonen (WTO) om at dei gjer klar mottiltak mot USAs toll på stål og aluminium. Dermed rykkjer handelskrigen nærmare.

Japan har sagt frå til WTO om at dei meiner dei har rett til å leggje toll på totalt 50 milliardar yen på amerikanske varer, tilsvarande omkring 3,6 milliardar norske kroner. Det svarer til den tollen metallindustrien i Japan må betale i USA.

Den japanske regjeringa seier likevel ikkje noko om når det er aktuelt å innføre toll på amerikanske produkt.

- Vi vil bestemme oss etter å ha vurdert korleis dette rammar japanske bedrifter, og kva tiltak USA set i verk, heiter det i ei fråsegn fredag.

Samtidig informerte også EU WTO om at unionen er klar til å setje i verk ei rekke mottiltak mot dei nye tollsatsane på stål og aluminium i USA. Mottiltaka omfattar høgare tollsatsar på motorsyklar og bourbon-whisky.

(©NPK)

Ein arbeidar inspiserer ei sending aluminium i Zouping aust i Kina. Foto: AP / NTB scanpix