Annonse

Japansk massedrapsmann smilte til kameraa

(NPK-NTB-AFP-AP): Mannen som har vedgått å drepe 19 funksjonshemma i Japan, smilte til kameraa på veg til avhøyr onsdag.

Annonse

Med ein blå jakke over hovudet blei Satoshi Uematsu (26) ført ut av ein politistasjon i Tokyo til ein ventande bil.

Inne i køyretøyet tok han jakka vekk og smilte breitt til dei frammøtte pressefolka, før han blei køyrd bort for å bli avhøyrt.

Uematsu har vedgått at det var han som natt til tysdag drap 19 menneske med kniv på ein institusjon utanfor Tokyo for folk med psykiske funksjonshemmingar. 25 andre blei skadde i angrepet.

Tidlegare i år skreiv Uematsu eit brev til den japanske nasjonalforsamlinga der han truga med å drepa funksjonshemma og tok til orde for aktiv dødshjelp for menneske med funksjonshemmingar. (©NPK)