Johaug har teke heilt treningspause

Therese Johaug har innvilga seg ein solid treningspause etter dopingdommen i slutten av august.

Det stadfestar langrennsstjerna overfor NTB i samband med eit sponsorarrangement måndag. Den siste tida har 29-åringen mellom anna vore i Florida, der ho følgde kjærasten Nils Jakob Hoff under VM i roing.

- Det var veldig godt å koma seg litt bort, få roa hovudet og gjera andre ting, seier Johaug.

På spørsmål frå NTB om kor mykje ho har trent den siste tida, svarar Dalsbygda-jenta:

- Eg har ikkje trent så mykje, for å væra ærleg. Eg har teke det med ro. Eg treng å finna meg sjølv igjen, så skal eg vera klar att etter jul.

Skal tilbake

Johaug fekk i august beskjed frå Idrettens voldgiftsrett (CAS) om at dopingutestenginga blir forlengd til 18 månader. Domsutvalet i Norges idrettsforbund kom til at 13 månader var passande straff, men Det internasjonale skiforbundet (FIS) valde å anka.

Forlenginga av straffa betyr at vinter OL i Pyeongchang neste år går fløyten for ei av dei fremste langrennsprofilane til Noreg. Johaug er først konkurranseklar 17. april 2018.

29-åringen kunne ha anka CAS-dommen til sveitsisk Høgsterett, men valde å ikkje forfølgja den moglegheita. Johaug har samtidig vore klar på at ho vil venda tilbake til langrennssporten når straffa er sona. Det tok ho opp att måndag.

- Eg skal tilbake, men det er lenge til. Det er over eit år til eg skal konkurrera, og halvtanna år til meisterskap, så eg må slå meg til ro med at eg har god tid.

Sliten

Dalsbygda-jenta vedkjenner at ho trong ein pause etter den tøffe beskjeden frå CAS.

- Hovudet var slitent av å sjå framover og heile tida tenkja positivt, seier Johaug, som vel å ikkje sjå for langt inn i framtida.

- No blir det berre å ta det med ro framover og ta dag for dag. Det har vore tøft etter det som har skjedd, og det er først når du landar at du forstår kor mykje dette har kosta, seier ho.

Når ho tek opp att full trening, er førebels eit spørsmål det ikkje er gjeve svar på.

- Eg tek det dag for dag, og startar opp att når hovudet er klart for det. Totalbelastninga har vore stor over lang tid, og då seier både kropp og hovud stopp til slutt, seier langrennsprofilen.

Ho er samtidig rørt av støtta ho har fått i prosessen som ligg bak henne.

- Det norske folk har vore eineståande. Det set eg utruleg stor pris på, seier 29-åringen.

Johaug-manager Jørn Ernst seier på si side at Johaug skal prøva å gjennomføra ei normal sesongoppkøyring. Han stadfestar også at Pål Gunnar Mikkelsplass held fram som personleg trenar for Dalsbygda-jenta.

(©NPK)

Therese Johaug deltok på eit sponsorarrangement måndag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix