Annonse

Johaug takka nei til sponsorstøtte frå spelselskap

Dopingutestengde Therese Johaug takka nei til eit sponsorat frå eit større utanlandsk spelselskap i perioden ho er utestengd, melder VG.

- Det er rett at eg har vore i ein samtale om det, men det viste seg fort at det var uaktuelt for henne, seier manager Jørn Ernst til avisa.

Norsk Tipping, som har monopol på pengespel, sponsar Norges Skiforbund. I tillegg får Skiforbundet pengar frå overskotet til Norsk Tipping.

- Derfor sa eg klart og tydeleg frå om at eit slik sponsorsamarbeid ikkje var aktuelt, seier Ernst.

Therese Johaug er førebels utestengd i 13 månader etter dopingdommen mot henne. Ho testa positivt på det forbodne stoffet klostebol i september i fjor og har vore utestengd sidan oktober.

Saka er anka og vart nyleg behandla i CAS. Ei avgjerd frå Sveits er venta om ikkje så altfor lenge.

(©NPK)

Therese Johaug og advokaten hennar Christian B. Hjort då dei forlét idrettens Valdgiftsretten (CAS) i Lausanne etter høyringa 6. juni. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix