Jorda kan ha fem varme år i vente

2018 blir truleg eitt av dei varmaste åra sidan målingane tok til. Også dei neste fem åra vil temperaturen på jorda vera unormalt høg, ifølgje ein ny studie.

Studien, som blir publisert i tidsskriftet Nature Communications tysdag, er gjennomført av forskarar i Frankrike, Storbritannia og Nederland.

Resultatet tyder på at dei neste fem åra kan bli endå litt varmare enn ein ville venta som på grunn av menneskeskapt global oppvarming.

Studien byggjer på ein statistisk metode som tek omsyn til at klimaet i grunnen er eit kaotisk system.

Målet har vore å fanga opp den naturlege, indre variasjonen i vêrsystema som ofte er svært vanskeleg å føreseia. Det til skilnad frå forandringane som er avhengig av ytre omstende - i første rekkje utsleppa til menneske av klimagassar og vulkanutbrot.

Historiske testar

Det er den naturlege variasjonen som er den dominerande på kort sikt, og som påverkar temperaturar og nedbør på årleg basis - og som iblant kan synast å gå på tvers av den langsiktige trenden.

Ifølgje forskarane fungerte metoden godt når dei testa han på dei klimaendringane som allereie har skjedde dei siste tiåra. Difor trur dei at prognosen for dei neste fem åra ligg nær røynda.

Prognosen gjev ein peikepinn om at temperaturauken på land kan bli nokre hundredels grader fram til 2022. For 2018 er til dømes prognosen ein temperaturauke på 0,02 grader, for 2018 til 2019 er han 0,03 grader.

Det kan verka marginalt, men forskarane peikar på at temperaturauken kjem på toppen av det som frå før er venta.

- Det er det som kjem til på grunn av den naturlege variasjonen i havet og atmosfæren. Det inneber at oppvarminga totalt sett blir kraftigare enn venta, seier Heiner Körnich i Sveriges meteorologiske institutt SMHIs forskingsavdeling.

Fasiten er nær

I snitt har temperaturen på jorda dei siste 100 åra auka med 0,05 grader per femårsintervall.

- Ein auke på 0,02 grader i det perspektivet er ganske mykje, seier Körnich.

Han meiner metodane til forskarane verkar rimelege.

- Det er første gongen ein har brukt metoden for å få fram ein global gjennomsnittstemperatur, seier han.

Körnich peikar samtidig på at det er knytt brei uvisse til resultatet - og studien seier ingenting om korleis det blir på bestemte stader på jorda, til dømes i Nord-Europa.

- Dei regionale variasjonane kan bli mykje større. Uvissa inneber også at det kan bli kaldare, men mest sannsynleg blir det varmare. Men vi får fasiten ganske snart. Om fem år veit vi om prognosen var rett, seier den svenske SMHI-forskaren.

(©NPK)

Fleire temperaturrekordar er sett i Europa i sommar. Her frå den siste hetebølgja i Vitoria i Spania i august. Foto: Alvaro Barrientos / AP / NTB scanpix