«Jungelen» er tømt

(NPK-NTB-AP): Alle flyktningane og migrantane som heldt til i flyktningleiren «Jungelen» utanfor Calais, har no reist frå leiren, opplyser styresmaktene i Frankrike.

Ifølgje ein talsmann for dei lokale styresmaktene i Calais har arbeidet med å tømme leiren gått mykje fortare enn venta, og onsdag ettermiddag var leiren heilt tom for folk.

– Det er ingen migrantar igjen i leiren. Oppdraget vårt er fullført, seier Fabienne Buccio.

Etter at ein del innbyggjarar i teltleiren tente på mange av skura og telta i leiren, trappa styresmaktene opp arbeidet med å tømme leiren. (©NPK)