Annonse

Juventus-spelar gir seg etter 25 år i klubben

Etter 25 år i same klubb gir Claudio Marchisio seg i Juventus. Kvar ferda går vidare er ikkje kjent.

Marchisio melde seg inn i Juventus allereie som sjuåring i 1993. Heilt sidan den gongen har han vore bunden til klubben, anten som ungdomsspelar eller som profesjonell. Fredag var det slutt, kontrakten er terminert.

- Han hadde barndomsdraumar som blei til verkelegheit. Faktisk har vi alle opplevd våre draumar side om side med Claudio. Vi har med glede sett han vokse år for år, som mann, ektemann og far, skriv den italienske klubben på sine heimesider.

32-åringen fekk med seg 389 kampar og 38 mål i Juventus-trøya. Undervegs i karrieren har han vore lånt ut til Empoli (2007/08), men har elles vore i Torino-klubben.

Midtbanespelaren spelte fast på det italienske landslaget under EM i 2012, og spelte seg fram til finale. Landslagstrøya har derimot ikkje vore på sidan juli 2017.

(©NPK)

Claudio Marchisio (t.h) i duell med Real Madrids Lucas Vázquez. No har Marchisio spelt sin siste kamp for Juventus. Foto: AP Photo / Nick Wass / NTB scanpix.