Kadafi Zaman er tilbake i Noreg

TV2-reporter Kadafi Zaman er tilbake i Noreg etter at han blei arrestert og banka opp av pakistansk politi under rapportering frå ein politisk demonstrasjon.

Zaman blei arrestert 13. juli og sat fleire dagar i fengsel i Pakistan. Han dekte ein politisk demonstrasjon i byen Gujrat, nordaust i landet. I eit innlegg på nettsidene til TV 2 skriv Zaman at det var den verste dagen så langt i livet hans.

- Eg er trygt tilbake i Noreg. Men dei som må kjempe denne kampen kvar dag, er dei pakistanske journalistane og redaktørane. Dei har penn. Motstandarane har kuler. Motet deira gir meg håp, styrke og motivasjon. Vi kan aldri bøye oss, skriv Zaman.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har uttalt at angrepet på journalisten var uakseptabelt.

- Angrep på journalistar er uakseptabelt og høyrer ikkje heime i eit demokrati. Det er viktig at pakistanske og utanlandske journalistar fritt og uavhengig får dekke valet i Pakistan. Noreg fordømmer overgrep mot alle journalistar, som bruk av vald eller truslar, for å innskrenke deira fridom og sjølvstende, skriv utanriksministeren i ein e-post til NTB.

(©NPK)

Kadafi Zaman blei arrestert av Pakistansk politi under ein demonstrasjon han dekte for TV 2. Han har sete i fengsel i tre dagar og blei lauslaten mot kausjon. Her eit bilde han la ut på Twitter med teksten «Løslates straks!". Foto: Privat / NTB scanpix