Katastrofemåling for Ap i Bergen

På Bergens Tidendes partibarometer for Bergen får Arbeidarpartiet ei oppslutning på berre 23,2 prosent. Dermed er meir enn ein av tre veljarar borte.

Arbeidarpartiet fell helle 14,6 prosentpoeng sidan siste kommuneval i 2015, skriv Bergens Tidende.

Bakgrunnstala viser at Arbeidarpartiet misser omtrent like mange veljarar til SV og Høgre.

Høgre får 34,8 prosent og dersom målinga hadde vore valresultat, ville Høgre igjen blitt Bergens klart største parti, slik det var i mange år fram til bybanebråket splitta partiet i 2014. Året etter enda valresultatet på rekordlåge 22,1 prosent.

- Vi er veldig glade for dette resultatet. Vi held oss stabilt og ligg der vi ønsker å liggje. Vi meiner at Bergen er ein borgarleg by, og denne målinga viser at innbyggjarane ønsker eit skifte no, seier Høgres gruppeleiar Hilde Onarheim (H).

Trass borgarleg jubel er SV Bergens tredje største parti på denne målinga, med heile 11,8 prosent, nesten 5 prosentpoeng meir enn ved kommunevalet.

Frp er på fjerdeplass med ei oppslutning på 10,2 prosent, som er halvtanna prosentpoeng meir enn i 2015.

Dei to andre partia i Bergen som regjerer saman med Ap, er Venstre og KrF. Dei to får høvesvis 4,5 og 4,3 prosent oppslutning på målinga. I 2015 hadde desse to partia 5,5 og 6 prosent oppslutning.

MDG har også kollapsa i Bergen. På denne målinga får partiet 2,3 prosent. Ved kommunevalet for tre år sidan var resultatet 6 prosent.

Totalt ville dei tre byrådspartia Bergen mista heile 12 av dei 34 bystyremandata dei fekk etter førre kommuneval om dette var valresultatet.

Målinga er basert på 601 telefonintervju frå 12. til 15. juni i år og er gjort av Respons Analyse. Feilmarginen på målinga er mellom 2,5 og 4 prosentpoeng.

(©NPK)

Høgre vil truleg ta makta i Bergen om vi skal tru Bergen Tidendes siste partibarometer. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix