Annonse

Kenyas høgsterett utropar Kenyatta til valvinnar

Kenyas høgsterett utropar president Uhuru Kenyatta til vinnar av valet. Dommarane forkastar klagen frå opposisjonsleiar Raila Odingas tilhengarar.

Høgsterett i Kenya avviste måndag at det er grunnlag for å ugyldiggjere valresultatet frå 26. oktober.

- Retten har samrøystes slått fast at det ikkje er grunnlag for klagene. Som følgje av det, blir hermed resultatet av presidentvalet 26. oktober godkjent, heiter det i ei fråsegn frå retten.

Avgjerda er fatta etter å ha behandla to klager frå høvesvis aktivistar og ein politikar som meiner at valet førre månad ikkje vart gjennomført i samsvar med lova.

Valet i oktober fann stad etter at presidentvalet i august vart annullert som følgje av avvik. Høgsterett bestemte i september å ugyldiggjere august-valet etter klagar frå blant andre Odinga. Odinga kravde nyval, noko han fekk medhald i.

Men Odinga boikotta nyvalet som vart gjennomført i førre månad. Han grunngav det med at nødvendige valreformer ikkje har blitt gjennomført. No ber Odinga verdssamfunnet gripe inn.

Fleire tital personar har blitt drepne i samanstøytar etter at presidentvalet i august vart annullert.

Som følgje av Odingas boikott av oktober-valet, fekk Kenyatta 98,2 prosent av stemmene.

I det annullerte august-valet fekk Kenyatta drygt 54 prosent av stemmene.

(©NPK)

Opposisjonsleiar Raila Odinga avbilda i Nairobi etter eit pressemøte 31. oktober. Foto: AP / NTB scanpix