Kerry: Ørliten framgang med Lavrov om Syria

(NPK-NTB-AFP): USAs utanriksminister John Kerry kunne melde om «ein bitte liten framgang» om Syria etter nok eit møte med sin russiske motpart Sergej Lavrov.

Dei to møtte kvarandre fredag for fjerde gong på få dagar i New York. Der prøver dei å bli samde om alt dei er ueinige om når det gjeld å finne ein diplomatisk løysing på krisen i Syria.

– Vi evaluerte nokre felles idear på ein konstruktiv måte. Og det var det, sa Kerry etter møtet.

Fredag talte Lavrov dessutan til FNs hovudforsamling der han streka under viktigheita av at Syria-avtalen som Russland og USA har forhandla fram, må reddast.

– Det finst ingen alternativ til fredsplanen som er forhandla fram av Russland og USA, sa Lavrov.

Etter at våpenkvila i Syria kollapsa måndag, har det vore mange og harde kampar i landet. I Aleppo blei over 90 menneske drepne da syriske regjeringsstyrkar fredag bomba den austlege, opprørskontrollerte delen av byen. (©NPK)