Annonse

Khamenei stiller krav til Europa om dei vil berge atomavtalen

Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei stiller ei rekkje krav til europeiske leiarar om dei ønsker at Iran skal fortsette å følgje atomavtalen.

- Europeiske bankar må beskytte handelen med den islamske republikken. Vi ønsker ikkje å starte ein krig med desse tre landa (Frankrike, Tyskland og Storbritannia), men vi stoler ikkje på dei heller, seier Khamenei onsdag ifølgje Reuters.

Han seier at dei siste to åra har amerikanarane «stadig brote» atomavtalen, mens europeiske land har halde seg tause. Han ber Europa «gjere opp for dette og stå opp mot USAs sanksjonar».

- Europa må gi ein totalgaranti for Irans oljeeksport. I det tilfellet at amerikanarane kan øydeleggje våre oljesal, burde europearane gjere opp for det og kjøpe iransk olje.

Khamenei åtvarar dei europeiske landa og seier at om desse krava ikkje blir innfridde, vil Iran ta opp att anrikinga av uran, som dei etter avtalen har avgrensa.

Frankrike og dei andre landa som inngjekk atomavtalen med Iran, er sterkt kritiske til president Donald Trumps avgjerd om å trekkje USA frå avtalen og innføre nye sanksjonar mot landet. Onsdag åtvara den franske utanriksministeren Jean-Yves Le Drian mot at sanksjonane vil verke mot si hensikt.

- Sanksjonane som blir innførte mot Iran, vil ikkje fremme dialog. Dei vil tvert imot styrke makta til Irans konservative og svekkje president (Hassan) Rouhani som ønsker å forhandle, sa han til radiostasjonen France Inter.

(©NPK)

Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei seier han ikkje ønsker krig med Frankrike, Tyskland og Storbritannia, men legg til at han ikkje stolar på dei. Foto: Office of the Iranian Supreme Leader / AP / NTB scanpix