Kina dankar ut USA som Tysklands største handelspartnar

For første gong er Kina den viktigaste handelspartnaren til Tyskland. Frankrike er framleis nummer to, mens USA fell frå førsteplass til tredjeplass. 

Rangeringa er basert på tal over Tysklands utanlandshandel for 2016, som statistikkontoret i landet legg fram fredag, ifølgje Reuters. Tysklands import frå og eksport til Kina steig til 170 milliardar euro (1500 milliardar kroner) i fjor, noko som er nok til vippe USA ned frå toppen av lista.

USAs president Donald Trumps planer om å innføre nye importavgifter har fått Tysklands utanriksminister Sigmar Gabriel til å seie at EU kanskje må utvide det økonomiske samarbeidet med landa i Asia.

I 2015 klarte USA for første gong sidan 1961 å fortrenge Frankrike som Tysklands topphandelspartner. Frankrike er med ein total handel med Tyskland på 167 milliardar euro framleis på andreplass, framfor USA med 165 milliardar euro.

(©NPK)