Annonse

Kjelder hevdar Israel stod bak Syria-angrep

USA trur Israel stod bak luftangrepet som kosta over 50 regjeringsvennlege militssoldatar livet aust i Syria.

- Vi har grunn til å tru at det var eit israelsk angrep, seier ein anonym amerikansk tenestemann til AFP.

CNN melder det same, og viste til ei anonym amerikansk kjelde.

Minst 52 regjeringsvennlege militssoldatar vart ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) drepne i angrepet mot landsbyen al-Hari i Deir al-Zor-provinsen, tett ved grensa til Irak.

Irakiske militssoldatar

Blant dei drepne var det minst 30 irakiske krigarar, ifølgje den syriske eksilgruppa.

Den Iran-støtta irakiske Hashed al-Shaabi-militsen, som støttar president Bashar al-Assad, bekreftar at over 20 av deira soldatar vart drepne i det som skal ha vore eit droneangrep.

Statlege syriske medium skulda den USA-leidde koalisjonen mot IS for å stå bak angrepet, noko amerikanske talsmenn har nekta for.

- Vi har ikkje gjennomført angrep i det området, sa oberst Sean Ryan måndag.

Tidlegare angrep

Israel har tidlegare gjennomført ei rad angrep i Syria, retta mot det israelske styresmakter har karakterisert som iranske mål.

Dei israelske angrepa har i første rekkje vore retta mot mål rundt Damaskus og Homs, lenger vest i Syria.

Netanyahu truar

Israelske styresmakter har ikkje tatt på seg ansvaret for angrepet i al-Hari, men statsminister Benjamin Netanyahu varsla i helga nye angrep mot mål i Syria.

- Vi kjem til å gjere noko, og vi har allereie sett i verk tiltak mot forsøk frå Iran og deira allierte på å etablere eit militært nærvær i Syria, både nær grensa og langt inne i Syria. Vi vil slå ned på slike forsøk over heile Syria, sa Netanyahu under eit regjeringsmøte søndag, ifølgje The Times of Israel.

(©NPK)

Israel stod bak angrepa i helga mot Assad-lojale styrkar aust i Syria, hevdar amerikanske kjelder. Statsminister Benjamin Netanyahu har ikkje bekrefta dette. Foto: AP / NTB scanpix