Annonse

Kleppa gir seg som fylkesmann når ho fyller 70

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i Rogaland sluttar som fylkesmann når ho fyller 70 i november i år.

- Eg har i dag fortalt dei tilsette at alderen tek meg igjen, eg fyller 70 år i november, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i ei melding på nettsidene til Fylkesmannen i Rogaland.

Den tidlegare stortingsrepresentanten og statsråden blei fylkesmann i 2013 etter ein lang karriere i politikken.

Ho blei første gongen vald inn på Stortinget i 1993 og representerte Rogaland for Senterpartiet i fem periodar. Ho var sosialminister frå 1997 til 2000 i den første regjeringa til Kjell Magne Bondevik og kommunalminister og seinare samferdselsminister frå 2007 til 2012 i den andre regjeringa til Jens Stoltenberg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tek sikte på å lysa ut det ledige fylkesmannsembetet etter sommaren, slik at ein ny fylkesmann kan vera på plass frå 1. desember.

(©NPK)

Magnhild Meltveit Kleppa (69) går av som fylkesmann i Rogaland når ho fyller 70 år i november. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix