Annonse

Koepka vann US Open for andre året på rad

Amerikanske Brooks Koepka vart måndag den sjuande spelaren til å vinne golfturneringa US Open to år på rad.

Annonse

Koepka slo britiske Tommy Fleetwood med eitt slag. Amerikanaren avslutta med ein 68-runde. Dermed vart fasiten for 28-åringen 75-66-72-68 etter dei fire dagane på golfklubben Shinnecock Hills og totalt eitt slag over par.

Fleetwood sette press på Koepka med å gå siste runden på 63 slag og tangerte US Open-rekorden for lågast talet på slag på ein runde, men Koepka heldt roa og hamna til slutt eitt slag framfor Fleetwood.

(©NPK)

Brooks Koepka. Foto: Julio Cortez / AP / NTB scanpix