Annonse

Kombinertgutane sjanselause på VM-medalje

Den svake hoppinga vart skjebnesvanger for dei norske kombinertgutane som aldri var med i medaljekampen på langrennsdelen. Johannes Rydzek sikra tysk gull. 

Espen Andersen låg best an av dei norske på 18.-plass etter hoppinga, men 58 sekund opp til leiaren Eric Frenzel vart for mykje.

Endå lenger bak jaga ein norsk trio med Mikko Kokslien, Jørgen Graabak og Magnus Krog. Dei tre kom seg så vidt opp i gruppa som kjempa om bronsemedalje, men dessverre var det slutt på kreftene då tempoet vart skrudd opp på sisterunden.

Langt framfor bronsekampen tok regjerande verdsmeister Johannes Rydzek knekken på landsmann Eric Frenzel i kampen om VM-gullet. Dei to sørgde for tysk dobbeltsiger.

Bak dei var Björn Kircheisen sterkast i kampen om bronsen. Han sørgde for heiltysk pall. Og som ikkje det var nok - på fjerdeplass følgde landsmannen Fabian Riessle.

Beste norske vart til slutt Magnus Krog som gjekk eit sterkt langrenn. Han enda på 10.-plass, 45,3 sekund bak vinnaren. Graabak gjekk også brukbart på ski og enda på 11.-plass.

Kokslien vart nummer 13, mens Andersen kom på 25.-plass.

(©NPK)