Annonse

Kombinertlandslaget samlar inn pengar til kreftsaka

Kombinertgutane samlar inn pengar for å bidra til fleire aktivitetar for kreftramma barn på Rikshospitalet.

Det er gjennom Spleis-aksjonen at Kombinert-Noreg tar eit krafttak. Den som bidrar mest vil sikre seg den spesielle VM-dressen til kombinertgutane.

Barn på Rikshospitalet teikna motiv på dressane til utøvarane under ski-VM i Lahti.

Pengane skal gå til ei aktivitetsløype, det såkalla Pusterommet i skogen.

- No er sesongen over og vi håpar du vil vere med på spleisen vår. Vi oppfordrar alle til å bidra til at alle barna på Rikshospitalet får glede av aktivitetsløypa Aktiv mot kreft har laga, skriv Magnus Krog.

Telemarkingen har oppretta prosjektet, som etter ein dag har passert 1.500 kroner.

(©NPK)