Annonse

Kommune skuffa over kutt i eigedomsskatt for monstermastene

Regjeringa fjernar eigedomsskatten for monstermastene som vart sett opp i Hardanger. Det utgjer eit skattetap på 1,2 millionar kroner for Granvin kommune.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å fjerne retten for kommunane til å krevje inn eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar i verk og bruk. Dette gjeld også kraftlinjer som blir definerte som ein del av eit produksjonsanlegg, skriv Klassekampen.

- Vi må gjere justeringar i budsjetta våre. Når ein tenkjer på støyen og motstanden i vår kommune, er det ekstra surt å bli fråteke skatten på desse mastene, seier Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum (V).

Motstanden var stor mot kraftlinja mellom Eidfjord og Mongstad. Anleggsarbeidet vart ferdig i 2014. Det starta i 2011 - og førte til at dåverande ordførar Jan Ivar Rødland i Granvin kommune melde seg ut av Arbeidarpartiet i protest. Han seier eigedomsskatten var eit viktig argument for lokalsamfunnet. Han er ikkje overraska over forslaget.

- Dette viser berre korleis storsamfunnet lurer oss i utkantane. Det skjer gong på gong, seier Rødland, som ikkje lenger er politisk aktiv.

(©NPK)

Arbeidet med kraftlinjene gjennom Hardanger begynte i 2011. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix.