Kong Harald på USA-tur neste veke

Kong Harald reiser neste veke på offisielt besøk til USA for å sjå på hovudkvarteret til Nato og ein av kommandosentralane for forsvarsdepartement i landet.

Det offisielle besøket blei først kjent fredag ettermiddag, ifølgje Slottet fordi programmet for reisa ikkje hadde vore klart før.

- Kongen skal etter invitasjon besøkje hovudkvarteret til Nato i Norfolk, seier assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen ved Slottet til NTB.

Besøket ved hovudkvarteret til Nato i delstaten Virginia finn stad onsdag 23. august. Neste fredag, den 25. august, skal kong Harald besøkje United States Special Operations Command (SOCOM), som er ein av dei ni felles hovudkommandoane i det amerikanske forsvarsdepartementet. Kommandoen har ansvaret for blant anna spesialstyrkane i USA og har hovudkvarter på MacDill Air Force Base i Tampa i delstaten Florida.

Detaljane rundt besøket utover dette er ikkje gjort kjent, men det går fram av programmet til kongehuset at kronprins Haakon skal vere regent i alle fall fram til 1. september.

(©NPK)

Kong Harald på besøk i USA i 2015, i Tutka Bay Lodge i Homer, Alaska. Til veka set han kurs for USA igjen. Foto: Bryan Adams / AP / NTB scanpix