Kong Harald segler VM i Canada i august

(NPK-NTB): Om tre veker setter kongen kursen mot Toronto for å segle VM i 8-metersklassen med kong Olav sin båt «Sira» frå 1938.

VM arrangerast frå 19. til 27. august med fem konkurransedagar for dei klassiske båtane.

Meisterskap for 8-meter er blitt meir populært dei siste åra. Sist kong Harald deltok med «Sira» vann han og laget. Det var i 2008, då kongen var 71 år, og meir enn 20 båtar stilte.

Kong Harald har konkurrert med båten sidan 1950-talet, men det var faren hans som eigde den før han. «Sira» blei designa av Johan Anker og vann fyrste pokal i byggjeåret 1938. Prosjektet var eit spleiselag, der kronprins Olav var med, og etter triumfen trekte eigarane lodd om båten. Kronprins Olav vann og segla med den livet ut.

Mykje tyder på at kong Harald vil følgje same oppskrift. Neste VM i 8-metersklassen blir på heimebane, ved Hankø neste år, då kongen fyller 80 år. (©NPK)