Annonse

Kong Harald utskriven frå Rikshospitalet

Kong Harald vart måndag utskriven frå Rikshospitalet. Han er i fin form, opplyser Slottet.

Kong Harald vart innlagt fredag på grunn av ein infeksjon. Slottet har ikkje opplyst noko om kva slags infeksjon det var som førte til sjukehusinnlegginga.

- Hans Majestet Kongen er i fin form og er i formiddag skriven ut frå Rikshospitalet, opplyser Kongehuset på sine nettsider.

Avlyste måndag

Kong Haralds program for måndag vart avlyst som følgje av sjukehusinnlegginga.

Måndag skulle kongen opphavleg ha møtt representantar for Nasjonalt åndeleg råd for bahaiar i Noreg og leiaren av Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen.

Neste post på kong Haralds program er audiens med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) på torsdag, og statsråd og audiens med statsminister Erna Solberg (H) på fredag.

Hjarteoperert

Kong Harald gjennomgjekk ein vellykka blærekreftoperasjon i desember 2003. Urinblæra vart fjerna, og det vart ikkje funnet teikn til spreiing.

Etter påske i 2005 vart han hjarteoperert. Inngrepet gjekk ut på å byte ut klaffen mellom hjartet og hovudpulsåra med ein hjarteklaff laga av biologisk materiale. Ei dryg veke etter operasjonen måtte han leggjast inn og opererast på nytt ettersom det hadde samla seg væske rundt hjarteposen.

Kongen fylte 80 år 21. februar, mens dronning Sonja runda 80 år 4. juli. Jubileet vart feira i mai med storinnrykk frå europeiske kongehus til Oslo.

(©NPK)

Kong Harald har vore innlagt Rikshospitalet i Oslo grunna ein infeksjon.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix