Annonse

Kongeleg tusenårsfeiring i Sarpsborg

(NPK-NTB): Kong Harald feira saman med sarpingane at det er 1.000 år sidan kong Olav den heilage grunnla Sarpsborg.

Annonse

– Byen dykkar har opplevd både motbør og oppgangstider. I dag er Sarpsborg eit levande sentrum i Østfold. Og i dag – på Olavsdagen, når vi markerer at det er 1000 år sidan Olav kom seglande opp elva, er Sarpsborg ein multikulturell by som hentar impulsar utanfrå – slik også kongen den gongen gjorde, sa kong Harald i sin tale fredag.

På Olsokdagen i år er det 1.000 år sidan Olav Haraldsson, seinare kjent som Olav den heilage, kom seglande opp Glomma og grunnla mellomalderbyen Borg i 1016. Difor er det rekna som olsokdagen og Sarpsborg sin bursdag.

Kongen blei tatt imot av blant andre ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap), skriv Sarpsborg Blad.

– Det er verkeleg ei stor glede for meg å ønskje dykk alle hjarteleg velkommen til denne store festdagen. Det er ein særleg glede at dykkar majestet er her, det set både eg og Sarpsborg umåteleg stor pris på, sa ordføraren. (©NPK)