Kongen med kondolansar etter Barcelona-angrep

Kong Harald har sendt spanske kong Felipe kondolansar i samband med terrorangrepet i Barcelona torsdag.

Kondolansen blei publisert på nettsidene til Kongehuset fredag.

- Det gjorde meg frykteleg trist å få den tragiske nyheita om terrorangrepet i Barcelona, som førte til tap av så mange liv og medførte så forferdelege skader, skriv kongen.

- Eg sender kondolansar og ber deg bringe vidare mi djupaste medkjensle på vegner av det norske folk til dei etterlatne familiane og til dei som er skadde, fortset han.

(©NPK)

- Det gjorde meg frykteleg trist å få den tragiske nyheita om terrorangrepet i Barcelona, uttalar kong Harald. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB scanpix