Kongeparet avrundar jubileumsferda i Kristiansand

(NPK-NTB): Med mykje båtliv og besøk i Nupenparken på programmet blei 25-årsmarkeringa til kongeparet i Kristiansand litt ekstra personleg.

I 11-tida onsdag kom kong Harald, dronning Sonja og kronprinsparet til brygga utanfor Kilden, før dei la ut på ei vandring langs hamna. Oppstillinga av snekker og seinare eit møte med Christianssands Seilforening, var nok stas for siglarkongen.

Norsk sjøfartshistorie var ein raud tråd gjennom heile vandringa, men det blei også stopp i Nupenparken, designa av vennen og mentoren til dronninga, kunstnaren Kjell Nupen. Parken blei opna av kongen i 1991, under signingsferda, så den feirar også 25 år i år, til liks med kongeparet som feirar 25 år på trona.

– Vi er overvelda. Ei eventyrleg reise langs vår vakre kyst er snart tilbakelagt.

No ventar bursdagsfeiringa til dronninga 4. juli og ein litt forseinka sommarferie for kongeparet og kronprinsparet, berre avbrote av nokre spreidde arbeidsoppgåver. Dronning Sonja skal på reise nordover 12. til 14. juli i Finnmark, Troms og Nordland, medan kong Harald deltek ved feiringa av 1000-årsjubileet til Sarpsborg by 29. juli. (©NPK)