Annonse

KrF meiner regjeringa må auka presset på Tyrkia

(NPK-NTB): KrF ventar at regjeringa intensiverer menneskerettsdialogen med Tyrkia i kjølvatnet av det mislykka kuppforsøket i landet.

Amnesty International meiner dei har pålitelege bevis for at personar som har blitt arrestert i Tyrkia etter kuppforsøket, har blitt utsette for vald, tortur og valdtekt.

No krev KrF at regjeringa legg press på Tyrkia for å få slutt på menneskerettsbrota.

– Vi ventar at regjeringa intensiverer den bilaterale menneskerettsdialogen og dialogen gjennom partnarskapen i Nato i tilnærminga si til Tyrkia. Ein bør syta for at det så snart som mogleg kjem på plass internasjonale observatørar for å få dokumentert situasjonen for menneskerettane, seier Hans Olav Syversen, parlamentarisk nestleiar i KrF.

Han fryktar at dersom ikkje Noreg og det internasjonale samfunnet oppnår meir i dialogen sin med Tyrkia, så vil ein raskt stå overfor ein situasjon med eit større tal politiske flyktningar som vil ha behov for vern i Europa.

– Vi er spesielt urolege for korleis tyrkarar som stiller seg i opposisjon til det sitjande regimet blir behandla. Hemn er ikkje eit legitimt verkemiddel overfor dei som ikkje er samde med regimet, seier Syversen. (©NPK)