Annonse

KrF vurderer kontrollsak sjølv om Sandberg går av

Oppfølginga av Per Sandbergs (Frp) Iran-reise handlar om noko meir enn feil gjort av ein enkelt statsråd, seier KrFs Hans Fredrik Grøvan.

Oppfølginga av Per Sandbergs (Frp) Iran-reise handlar om noko meir enn feil gjort av ein enkelt statsråd, seier KrFs Hans Fredrik Grøvan.

- Det viktige for oss er å få svar på alle spørsmål om vurderingar og forhold knytt til sikkerheit og rutinar, seier Grøvan, som er KrFs mann i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Han understrekar at oppfølginga av Sandbergs Iran-reise ikkje er over med at Sandberg går av som fiskeriminister.

- Dette handlar ikkje berre om ein statsråd som har gjort ukloke ting, men også om oppfølginga frå statsministeren og regjeringa. Vi må ha innsyn i alle vurderingar, inkludert kva Politiets tryggingsteneste (PST) har konkludert med. Svara frå Solberg avgjer om det blir nødvendig å ta saka inn i kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier Grøvan til NTB.

Han meiner også at Stortinget må få svar på om nokon av Sandbergs kontaktar - det vere seg i Iran eller under Kina-reisa i mai - har bidratt til «på nokon som helst måte å sette rikets sikkerheit i fare».

- Vi treng ein fullstendig gjennomgang for å kunne gjere våre vurderingar, understrekar Grøvan.

(©NPK)

Oppfølginga av Per Sandbergs (Frp) Iran-reise er ikkje over med fiskeriministerens avgang, seier KrFs Hans Fredrik Grøvan. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix