Annonse

Kriminalomsorgens Yrkesforbund vil ha fotlenke på gjengmedlemmar

Kriminalomsorgens Yrkesforbund (KY) foreslår å straffe unge kriminelle gjengmedlemmar med fotlenke som eit førebyggjande tiltak mot ungdomskriminalitet.

Kriminalomsorgens Yrkesforbund (KY) foreslår å straffe unge kriminelle gjengmedlemmar med fotlenke som eit førebyggjande tiltak mot ungdomskriminalitet.

Det kjem fram i eit forslag for å kjempe mot ungdomskriminalitet som KY nyleg lanserte overfor Justis- og beredskapsdepartementet, ifølgje VG.

Leiar Knut Are Svenkerud i KY meiner tiltaket kan virke førebyggjande og meiner det kan hindre unge kriminelle frå å ta del i kriminelle miljø.

- Personar som ber elektronisk kontroll med GPS vil sannsynlegvis ikkje vere velkommen i å ta del i gjengaktivitetar. Det kan leggjast inn område vedkommande ikkje får oppsøkje permanent eller på bestemte tidspunkt. Det vil ikkje gi status i noko miljø å gå med fotlenke, skriv Svenkerud i forslaget.

Justis- og beredskapsdepartementet vil ikkje sjå bort frå forslaget frå KY.

- Vi vurderer ulike tiltak og verkemiddel i arbeidet for å førebyggje og kjempe mot kriminalitet, uttaler departementet til VG.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix