Kristoff får med seg åtte mann til sykkel-VM

(NPK-NTB): Noreg får stille med ni mann når Alexander Kristoff og co. skal jakte VM-gull i Qatar i oktober.

– Dette bekreftar på nytt at Noreg har vakse seg ganske stor som sykkelnasjon, seier landslagssjef Stig Kristiansen til VG. Han seier at sterk køyring i dei siste ritta før kvotane skulle reknast ut, resulterte i full pott.

VM-løypa i Qatar er ganske flat og Kristoff har vunne seks etappar i Tour of Qatar tidlegare. Kristoff er derfor eit naturleg kapteinsval for landslagssjefen.

Kristiansen peiker også på at Noregs ni ryttarar betyr at andre nasjonar får færre. Blant dei er Tyskland med sprintaren Marcel Kittel som berre får delta med seks. (©NPK)