Annonse

Kristoff med spurtsiger i Belgia

Alexander Kristoff (29) drog til med spurtsiger på 2. etappe av rittet De Panne tredagars onsdag.

Alexander Kristoff (29) drog til med spurtsiger på 2. etappe av rittet De Panne tredagars onsdag.

Nordmannen tok teten med eit par hundre meter igjen og såg seg aldri tilbake. Etappen gjekk frå Zottegem til Koksijde og var 192 kilometer lang. Dette var Kristoffs sjuande etappesiger i De Panne.

- Det var mykje motvind i finalen. Eg visste at eg eigentleg skulle ha halde eit hjul, men eg tok ikkje sjansen på å bli sitjande innesperra. Derfor stakk eg sjølv i mitt eige opptrekk, sa Kristoff til Eurosport.

Sigeren var viktig med tanke på Kristoffs sjølvtillit før Ronde van Vlaanderen på søndag.

Phillip Gilbert vann tysdagens 1. etappe og leier framleis samanlagt med éin etappe igjen.

(©NPK)