Annonse

Kristoffersen i forsoningsmøte med landslaget

Saman med psykolog Tom Henning Øvrebø møtte Henrik Kristoffersen torsdag resten av landslagsgutane for første gong etter konflikten dei siste månadane.

- Eg kan bekrefte at vi har hatt eit møte. Det var godt, nyttig og konstruktivt. Prosessen er godt i gang, seier sportssjef Claus Ryste til NRK.

Alpinlandslaget meiner Kristoffersen har brote disiplinær- og sponsorreglar gjentatte gonger, og skiforbundet har utestengt slalåmesset fram til 1. oktober sjølv om han har signert utøvarkontrakten.

Fellesmøte i august og september var ein del av lagbyggingsprosessen.

Sportssjef Ryste vil ikkje kommentere innhaldet i møtet som var, men bekreftar at det vil bli halde fleire.

- Det handlar om korleis vi har det på laget og at vi no ser framover for å vere best mogleg rusta til OL-sesongen.

(©NPK)

Alpinisten Henrik Kristoffersen blir først ein del av det norske landslaget 1. oktober. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.