Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

fredag 24. februar 2017

Arill Riise får høgthengande utmerking

Arill Riise får høgthengande utmerking

Arill Riise Foto: TV2

Kringkastingsprisen for 2016 går til Arill Riise frå Sæbø i Ørsta.

Skrevet av:

Utdelinga skjedde i dag under ei tilstelling i Ervingen kulturhus i Bergen. Riise starta i NRK i 1983, men har sidan 2006 vore tilsett i TV 2. Dei siste seks åra har me sett han saman med Mah-Rukh Ali i ankerduoen som leier hovudsendingane til TV 2 kl. 1830 og 2100.

Juryens grunngjeving:

Vinnaren av årets pris er ein tydeleg og stødig nynorskbrukar, med ei medviten haldning til språket sitt. Han får synt fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende.

Juryen trekk fram at vinnaren har gjennom heile si karriere som journalist nytta nynorsk som både arbeidsspråk og privatspråk. Då vinnaren byrja i NRK i 1983 tok han eit val om å nytte normert nynorsk.

Det er viktig at ein får høyre tilnærma nynorsk normaltalemål i media, som er ei viktig ryggstø for dei norske dialektane, spesielt i ein kvardag med aukande bruk av dialektar i radio og fjernsyn. Det er viktig at dei kommersielle allmennkringkastarane òg nyttar båe dei offisielle målformene i landet, og vinnaren er ein framifrå representant for nynorsk i TV2s sendingar.

Godt språk i radio eller fjernsyn

Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978, og er ein av dei eldste medieprisane i Noreg. Prisen går til ein som utmerker seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Dei siste åra har prisen gått til NRK Super (2015), Marta Norheim (2014) og Ingunn Solheim (2013). Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Siste nytt i Kultur

To Rustne Herrer til Folkestad

To Rustne Herrer til Folkestad

– To Rustne Herrer, Jonas Fjeld og Ole Paus, gler seg storleg til å halde konsert på Folkestad kulturhus fredag 24. mars.

Briljerte med stikkene, lo og sjarmerte juryen i senk

Briljerte med stikkene, lo og sjarmerte juryen i senk

Fredag kveld gjekk voldingen Bendik Hustadnes vidare i Norske Talenter

Klart for volding på Norske Talenter

Klart for volding på Norske Talenter

Fredag kveld entrar ein volding scena under TV2 sitt program Norske Talenter.

 
På jakt etter speleglede og kreativitet

Juryen i UKM:

På jakt etter speleglede og kreativitet

Søndag var ni grupper og solistar i sving på Ørsta kulturhus, og seks personar stilte ut kunst. Jurymedlemmene hadde ei krevjande oppgåve, fordi det var mange flinke deltakarar.

Verdig og sprudlende nyttårskonsert med wienerfølelse!

Verdig og sprudlende nyttårskonsert med wienerfølelse!

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har hatt sin årlige nyttårskonsert med dirigenten den spanske perkusjonisten Miki Campins på podiet. Konserten vart starta med å minne Knut Ose.

Tor og Gunn Brenne vann hovudvinsten

Tor og Gunn Brenne vann hovudvinsten

Tor og Gunn Brenne er for tida på andre breiddegrader enn kva heimbygda Folkestad er. Varme og fint ver er plussting no i jula. Og rett før jul var dei så heldige å vinne seg ei stor korg med mykje godt i.

 
Spent på møtet med Urd og Vassendgutane

Spent på møtet med Urd og Vassendgutane

Den nye steelgitaristen i Vassendgutane fekk ein humpete veg til den første spelejobben han hadde saman med bandet på Parken Hotell i Ålesund. For før han fekk møte dei nye spelekompanjongane sine måtte han møte ekstremveret Urd.

Vakker julekonsert i Dalsfjord

Vakker julekonsert i Dalsfjord

I førjulstida var det ei song- og musikalsk mønstring av lokale aktørar, som høgna julestemninga i Dalsfjord kyrkje.

Held oppe juletradisjon

Held oppe juletradisjon

Det har vorte tradisjon at Crashville fyller Ørsta kulturhus med liv og røre 2. juledag. I år vert ikkje noko unntak.

 
Byr inn til ny stordans

Byr inn til ny stordans

Til hausten vert det ny stordans i Mørehallen. Med Kurt Nilsen og Loveshack satsar VTI fotball på publikumsrekord.

Utnemnde «Prots» til æresmedlem

Norges Korforbund Sunnmøre:

Utnemnde «Prots» til æresmedlem

Per Oddvar «Prots» Hildre vart utnemnt til æresmedlem i Norges Korforbund Sunnmøre på årsmøtet i mars 2016. 28. november fekk han overrekt utmerkinga.

Førjulskos på biblioteket

Førjulskos på biblioteket

Fyrste søndag i advent byr Volda Folkebibliotek inn til førjulskos i samarbeid med Volda Filmteater. Arrangementet er ferdig i god tid før julegrantenninga.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!