Annonse

Kveen held fram som Northug-trenar

Stig Rune Kveen får fornya tillit som trenar for Petter Northug trass i svake resultat i vinter.

Northug jobbar i desse dagar med å legge planen som skal gi OL-suksess i Pyeongchang neste vinter. No er det klart at samarbeidet med kompisen Kveen held fram, skriv Adresseavisen.

- Det ligg ikkje an til nokon store endringar. I utgangspunktet brettar vi opp ermene saman, seier Stig Rune Kveen til avisa.

Northug har tidlegare signalisert at det kunne bli aktuelt å gjere endringar i støtteapparatet.

- Det som har vore i år har vore for dårleg. Då må ein gjere endringar, rett og slett, sa han til Adresseavisen etter Lahti-VM.

Også manager Are Sørum Langås ser ut til å bli med vidare.

(©NPK)