Kveen: - Northug burde fått sjansen

Petter Northug er kraftig irritert etter vrakinga frå verdscupstarten. - No må han brette opp ermene og ta utfordringa, seier trenar Stig Rune Kveen til NTB.

Northug fekk beskjeden av landslagstrenar Tor Arne Hetland søndag. Dei to hadde eit møte i Trondheim då.

Troppen til verdscupopninga vart offentleggjort klokka 12.00 måndag. Laguttaket låg så ute i fem minutt på Norges Skiforbunds nettside før det vart fjerna.

- Petter var sjuk og fekk ikkje vist seg fram på Beitostølen. Han har meldt seg klar og frisk, og då meiner vi sjølvsagt at han burde fått moglegheita til å vise seg fram i Ruka i ein så stor tropp. Han er også ein sterk minitour-løpar, seier Northugs trenar Stig Rune Kveen til NTB.

- Korleis reagerte Petter på beskjeden?

- Petters reaksjon trur eg dei fleste vil skjønne. Så det treng eg ikkje å svare på eingong, seier Kveen.

- No er han vraka til sesongstarten. Det einaste valet han har no, er å brette opp ermene. Han må berre ta dei utfordringane no, seier Kveen.

Neste verdscupsjanse for Northug kjem på Lillehammer om snautt to veker. Der har landslagssjef Vidar Løfshus allereie garantert han plass.

Northug stilte ikkje til start på Beitostølen i sesongstarten sist helg. Han var småsjuk dei siste dagane før renna og vart igjen heime.

I Ruka skal gutane gå sprint, 15 kilometer klassisk og 15 kilometer jaktstart i fri teknikk.

(©NPK)