Kvinne køyrde på politibil ved Kongressen

Ei kvinne køyrde inn i ein politibil i nærleiken av Kongressen i Washington onsdag. Politiet trur ikkje hendinga var eit angrepsforsøk.

Fleire politifolk blei nesten påkøyrde av kvinna då ho prøvde å flykte frå staden. Ho var då blitt prøvd stoppa av politiet, som losna skot før kvinna til slutt blei arrestert.

Dei første meldingane om hendinga tyda på at politiet hadde arrestert ein mann som hadde prøvd å angripe dei.

(©NPK)