Annonse

Kvinner tar framleis det meste av omsorga for barna

Drygt halvparten av norske kvinner meiner dei står for det meste av omsorga for barna. Berre 8 prosent av mennene svarar det same.

Annonse

Den skeive fordelinga av barneomsorgen i heimen - eller i alle fall oppfattinga av den som skeiv - kjem fram i Arbeidslivsbarometeret til Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), skriv Dagbladet.

Delen kvinner som meiner dei tar det meste av ansvaret har auka og ligg på 53 prosent. Delen kvinner som meiner denne oppgåva blir delt likt, har gått ned, noko som ikkje har skjedd før i dei ni åra undersøkinga er gjennomført.

- Det gir grunn til bekymring når vi no ser at utviklinga har snudd i negativ retning når det gjeld å ta ansvar for barna, seier YS-leiar Jorunn Berland. Ho seier samtidig at det truleg er for tidleg å konkludere med at dette kjem av endringar i fedrekvoten i 2014. YS er spent på korleis tredelinga av omsorgspermisjonen, som vart innført 1. juli i år, vil påverke likestillinga.

Yngre kvinner og menn meiner i større grad enn eldre kvinner og menn at omsorgsansvaret for barna blir delt likt.

- Likestillinga i heimen går framover, men altfor sakte. Eg håper vi vil sjå ein betydeleg endring om nokre år, når nye generasjonar skaper heim og familie, seier Berland.

(©NPK)

Kvinner meiner i langt større grad at dei står for det meste av omsorga for barna. Delen kvinner som meiner oppgåva blir fordelt likt, fell. Foto: Frank May / NTB scanpix