Kyrkjeleiaren som bidrog til frigivinga av French, møter Brende

Kyrkjeleiaren Milenge Mwenelwata frå Kongo, som var med på å sikre lauslatinga og utleveringa av Joshua French, møter utanriksminister Børge Brende (H) fredag. 

Kyrkjeleiaren Milenge Mwenelwata frå Kongo, som var med på å sikre lauslatinga og utleveringa av Joshua French, møter utanriksminister Børge Brende (H) fredag.

Milenge Mwenelwata seier til avisa Norge IDAG at han under møtet med utanriksminister Børge Brende skal drøfte moglegheitene for å etablere ein norsk ambassade i Kongo.

- I heile det sentrale Afrika har ikkje Noreg nokon diplomatisk representasjon. Det er ei utfordring. Dette skapte store vanskar i French-saka, seier han til avisa.

Mwenelwata, som er visepresident i den protestantiske alliansen Église du Christ au Congo (ECC) - Kristi kyrkje i Kongo, engasjerte seg i French-saka og fekk saman med nettverket sitt forhandla fram ein avtale med presidenten i Kongo, Joseph Kabila. Avtalen sikra at Joshua French (34) vart sett fri og utlevert frå Kongo til Noreg 17. mai i år.

(©NPK)

Utanriksminister Børge Brende (H) møter kyrkjeleiaren fredag. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix