Annonse

Löfven kallar skogbrannsituasjonen for ekstrem

Sveriges statsminister Stefan Löfven kallar situasjonen ekstrem idet landet er herja av fleire titall skogbrannar som truar med å spreie seg.

Annonse

På ein pressekonferanse fredag sa Löfven at regjeringa er klar til å ta dei avgjerder som trengst. Han sa også at Sverige må vurdere ein auka beredskap overfor skogbrannar.

- Når dette er over, må vi gå gjennom beredskapen vår, sa han.

Statsministeren understreka at Sverige no får hjelp frå fleire andre land i form av brannfly og helikopter, og han takka også alle som jobbar med å sløkke brannane. Norske og danske brannmenn deltar i sløkkingsarbeidet.

Også Dan Eliasson, sjefen for Myndigheten för samhällskydd og beredskap (MSB), tok til orde for at beredskapen må bli høgare. Ifølgje Eliasson er svensk redningsteneste ikkje dimensjonert for å klare så mange store og kompliserte brannar samtidig.

- Dette er den alvorlegaste og vanskelegaste situasjonen som svensk redningsteneste har halde til i. Eg vil åtvare mot å undervurdere situasjonen. Det kan framleis eskalere og situasjonen er alvorleg, sa Eliasson.

Han understrekar også at heile det svenske samfunnet vil stå overfor store utfordringar i lang tid framover.

Skogbrannane har brote ut i fleire fylke, og verst ramma er Gävleborg, Dalarna og Jämtland, alle fylke med store skogområde. Fleire bygder er blitt evakuert som følgje av brannane.

(©NPK)

Sløkkingsarbeid i ein skog i Sörvåge utanfor Örnsköldsvik, der statsminister Stefan Löfven har hytte. Foto: Erik Simander/TT / NTB scanpix