Annonse

Lakseauksjon gir milliardar til kommunane

Lakseauksjonen har hittil gitt 2,6 milliardar kroner til totalt 160 laksekommunar. Rundt 77 prosent av kapasiteten som vart lagt ut, er selt.

Det er så langt selt 11.879 tonn ny kapasitet gjennom auksjonen. Det er 13 ulike selskap som har deltatt og skaffa seg løyve, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

- Auksjonen går føre seg framleis, men har allereie skapt rekordstore inntekter for oppdrettskommunar og -fylkeskommunar. Av det som hittil er selt gjennom auksjonen, vil over 1,8 milliardar kroner bli fordelt til kommunal sektor gjennom havbruksfondet. I tillegg kjem 750 millionar kroner frå lakseveksten som vart selt til fastpris i vinter. Dette er ei stor, velfortent påskjøning for dei mange kommunane som i lang tid har gjort ein utruleg viktig jobb med å legge til rette for denne framtidsnæringa, meiner fiskeriminister Per Sandberg (Frp)

Pengane frå lakseveksten går inn i Havbruksfondet, som vart oppretta for at lokalsamfunna skal få meir igjen for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får 80 prosent av inntektene frå sal av lakseveksten, som blir fordelt gjennom dette fondet.

I auksjonsforma som vart valt, er det alltid ein risiko for at ikkje alle lakseløyva blir selde. Det som står att etter denne auksjonen, rundt 3.480 tonn kapasitet, blir derfor lagt ut i ein ny auksjon.

(©NPK)

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er fornøgd med resultatet frå lakseauksjonen til departementet. Auksjonen har fått inn 2,6 milliardar kroner.
Arkivfoto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix