Annonse

Landbruksministeren med «eit siste forsøk» i Brussel

(NPK-NTB-Johan Falnes): Landbruksminister Jon Georg Dale besøkjer tysdag Brussel for å prøve å få EU til å gi Noreg eit unntak frå økoreglane.

– Det er eit siste forsøk på å få til ei løysing, seier Jon Georg Dale (Frp) før avreise til EU-hovudstaden.

Noreg har no krangla med EU i åtte år om reglane for økologisk landbruksproduksjon. Når Dale møter landbrukskommissær Phil Hogan tysdag formiddag, vil han be EU om å vise fleksibilitet.

– Det bør vere ei relativt handterleg sak for EU å innvilge oss dette, seier Dale til NTB.

– Har EU-kommisjonen vist noka kompromissvilje så langt?

– Nei, det har den ikkje gjort, og det er derfor vi no prøver å ta dette på politisk nivå, seier Dale.

Kravet frå Noreg er at spaltegolv framleis må bli tillate i sauedrift.

Dale fryktar at kostnadene ved økologisk produksjon vil gå for mykje opp viss sauebøndene må begynne å byggje om golva eller dekkje dei med halm.

– Det er mogleg for norske bønder å gjere det, men eg trur ikkje at mange vil velje å gjere det. Eg trur den praktiske konsekvensen blir at folk sluttar med økologisk produksjon og går over til konvensjonell drift, seier Dale.

Skjer dette, fryktar han det kan bli vanskeleg å nå målet til Stortinget om å auke den økologiske landbruksproduksjonen til 15 prosent.

– Ei overgangsordning for laks gjekk ut 1. januar 2015. Etter dette har dei enkelte medlemslanda hatt moglegheit til å innføre sanksjonar. Det gjorde Frankrike i sommar ved å innføre forbod mot økomerking av norsk økologisk laks, forklarer administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge.

Han strekar under at det skjer trass i at norske lakseprodusentar følgjer EUs økoreglar til punkt og prikke. Det er på landbrukssida det ikkje har late seg gjere å kome til semje.

No gir Ystmark landbruksministeren klar beskjed om at han forventar løysingar.

– Vi må sikre at norsk laks kan eksporterast til EU-marknaden med økomerket på, seier Ystmark til NTB.

Dale legg ikkje skjul på at saka er frustrerande.

– Eg meiner EU-sida med jamne mellomrom ber preg av å gløyme at Noreg ikkje er eit EU-land. Mykje av grunngjevinga for den norske EU-motstanden har handla om ting på landbruksområdet, seier han.

Men viss EU viser fleksibilitet, kan også Noreg fire på krava.

– Det handlar om fleksibilitet begge vegar. Vi skal vise det viss også EU viser det. (©NPK)