Annonse

Legendarisk stemme klar for Brækhus-kamp

(NPK-NTB): Verdskjende Michael Buffer kjem til Oslo for å vere ringannonsør når Cecilia Brækhus set VM-titlane sine på spel mot franske Anne Sophie Mathis laurdag.

Annonse

Med frasen «Let's get ready to rumble» har Buffer etablert seg som ein av dei fremste ringannonsørane i internasjonal boksing. Laurdag er 71-åringen på plass i Oslo Spektrum.

– Det er to grunnar til at dette blir ein veldig spesiell kveld for meg. For det første har eg fått med meg at det er den første proffkampen i Noreg på 35 år, og arenaen blei utselt veldig fort. Eg vil tru fansen er høglydte og ekstatiske og lager ein forrykande atmosfære. For det andre gir det meg også ein ny sjanse til å introdusere Cecilia igjen. Eg synest ho er ein veldig god boksar og ei fantastisk idrettskvinne. Ho har også ein sterk karisma og ser ut som ei filmstjerne, seier Buffer i ei pressemelding.

Den verdskjende ringannonsøren trur likevel ikkje Brækhus får det enkelt i den etterlengta proffkampen på norsk jord.

– Mathis er ein veldig farleg motstandar for Cecilia. Ho er ein «big puncher», men historia viser at Cecilia ikkje er redd for å møte dei beste. Ho får mi respekt for å velje ein så god motstandar i ein så viktig kamp. Det er få meistrar som er som Cecilia, seier Buffer.

Han besøkjer Noreg for første gong i samband med boksekampen. (©NPK)