Likevel ingen Premier League-kamp på julaftan

Storkampen Liverpool - Arsenal var terminfesta til klokka 16.00 på sjølvaste julaftan. No er kampen flytta til 22. desember.

Det skriv den britiske avisa Mirror.

Mange hadde nok både gledd seg og frykta korleis ein skulle kombinere storkampen Liverpool - Arsenal med julefeiringa.

Julaftan fell i år på ein søndag, og det har lenge vore snakk om at det kunne blir aktuelt å flytte kampar frå laurdag til søndag denne Premier League-runden.

No blir i staden storkampen flytta til fredag 22. desember.

- Med kampar i julehelga for første gong på elleve år, har prosessen med å velje ut tv-kampar vore meir komplisert enn vanleg. Vi vil takke rettshavarane og klubbane for samarbeidet og fleksibiliteten, seier Premier League-formann Richard Scudamore, ifølgje BBC.

Tv-kanalen Sky skal ha ønskt å vise storoppgjeret på julaftan, men Arsenal hadde vanskar med å skaffe nok vakter til kampen. Ei anna utfordring var å få Liverpool-supporterane heim frå London etter kampen.

Sist det vart spelt Premier League-fotball på julaftan, var i 1995, da Leeds slo Manchester United 3-1.

Slik blir juleprogrammet:

Fredag 22. desember:

Arsenal-Liverpool 20.45

Laurdag 23. desember

Everton-Chelsea 13.30

Brighton-Watford 16.00

Manchester City- Bournemouth 16.00

Southampton-Huddersfield 16.00

Stoke-West Bromwich 16.00

Swansea-Crystal Palace 16.00

Burnley-Tottenham 18.30

Leicester-Manchester United 20.45

(©NPK)

Liverpool-supporterane slepp å tenkje på korleis dei skal komme heim frå London på julaftan. Foto: AP Photo/Rui Vieira