Annonse

Linnes ute mot Australia, Svensson usikker

Martin Linnes trente ikkje torsdag og er uaktuell til landskampen mot Australia fredag. Jonas Svensson er også usikker.

Det opplyste landslagssjef Lars Lagerbäck under sin pressekonferanse på spelarhotellet i Sandvika.

- Jonas har vore med nesten fullt ut, men han er eit spørsmålsteikn. Vi får sjå kva medisinarane seier, sa han.

Linnes fekk ei kjenning i låret onsdag og har vore borte frå trening i to dagar.

- Martin trente ikkje i dag og er absolutt ikkje aktuell. Elles fekk vi ingen skader eg er klar over.

Linnes og Svensson er to av dei fire sidebackane i troppen, og Lagerbäck vart spurt om han må hente inn nokon.

- Jonas kan antakeleg spele. Vi ventar iallfall på kampen fredag, med mindre medisinarane seier at han absolutt ikkje kan hoppe inn, sa han.

Skadesituasjonen inneber at Omar Elabdellaoui (høgre) og Birger Meling (venstre) ganske sikkert startar på backplassane fredag.

(©NPK)

Martin Linnes, som fekk ei kjenning i låret under landslagstrening onsdag, er uaktuell til kampen mot Australia på Ullevaal fredag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix