Listeria funne i økologisk barnegraut

(NPK-NTB): Holli Mølle trekker tilbake alle typar økologisk barnegraut fordi det er påvist ein type listeriabakterie i ein av variantane.

Grauten som inneheldt dei farlege bakteriane var barnegraut med solbær og pære produsert 04.11.2016.

For å vere på den sikre sida vert alle produkt trekte frå marknaden.

Grauten er blitt seld hos Sunkost, Life og enkelte andre spesialbutikkar, ifølgje Mattilsynet.

Grauten kan utgjere ein fare dersom han ikkje blir kokt etter anvising på pakken.

Folk som har kjøpt desse produkta, vert oppfordra til å kaste dei eller levere dei tilbake i butikken der dei er kjøpt. (©NPK)