Annonse

Litauen forhandlar om å kjøpe norsk rakettsystem

(NPK-NTB-AFP): Det litauiske forsvarsdepartementet er i forhandlingar om å kjøpe det norske luftvernsystemet NASAMS. Å styrke forsvaret av austflanken til Nato er formålet med kjøpet.

Den norske våpensystemet Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System (NASAMS) kjem til å koste i underkant av 1 milliard kroner, ifølgje forsvarsminister Vaidotas Linkus.

Om Litauen bestemmer seg for å kjøpe NASAMS, vil det bli det første av dei baltiske statane med eit slikt luftvernsystem. I juli avgjorde Nato å sende fire styrkar, på omtrent tusen soldatar kvar, til Estland, Latvia, Litauen og Polen, for å bidra til å teikne ei såkalla «raud linje» mot Russland. Tilliten mellom Russland og Nato-landa er kraftig svekt etter at Russland annekterte Krimhalvøya i 2014.

Finland, Spania og Polen har allereie skrive kontrakt om kjøp av det norske rakettsystemet, som er utvikla av Kongsberg Gruppen i samarbeid med amerikanske Raytheon. (©NPK)