Annonse

Lokførarstreiken vert trappa opp

(NPK-NTB): Norges Lokomotivmannsforbund trappar opp lokførarstreiken frå onsdag. Då går fem nye lokførarar i CargoNet ut i streik.

Fredag var rundt 150 togavgangar innstilte som følgje av lokførarstreiken som starta torsdag.

Torsdag morgon gjekk 71 lokførarar, dei fleste av dei i Oslo, Lillestrøm og Ski ut i streik etter at det ikkje blei semje i meklinga om årets oppgjer. Det førte til omtrent 150 innstilte avgangar torsdag og like mange på fredag. (©NPK)