Annonse

Lorentzen skuffa på 500 meteren

(NPK-NTB): Håvard Holmefjord Lorentzen noterte 35,25 på 500-meteren i verdscupen fredag. Han enda nest sist med sin 19.-plass.

Annonse

Lorentzen fekk for første gong sjå 34-talet førre helg, men var langt unna same prestasjon fredag. Hans første 100 meter på ti blank blei for dårleg i det sterke selskapet. I mål enda han på 35,25, og han blei klart slått av sin parkamerat, canadiske Alex Boisvert-Lacroix.

Det var russaren Ruslan Murasjov som vann med sterke 34,50 på låglandsbane. Polske Artur Was blei nummer to med 34,79.

På 500 meter for kvinner gjekk Hege Bøkko inn til 38,67 som heldt til ein 14.-plass. Det var ei plassering dårlegare enn ho noterte førre helg i Astana. Likevel var dei norske løparane fornøgde.

– Det var heilt ok. Ikkje optimalt å måtte vente å lenge på grunn av tjuvstarten, sa Hege Bøkko til NRK.

Japanske Nao Kodaira vann med 37,69 føre kinesiske Yu Jing med 37,81.

I B-gruppa gjekk Martine Ripsrud inn til 39,63. Det var den tiande beste tida.

I B-gruppa for menn gjekk Espen Aarnes Hvammen inn til 35,47 som heldt til åttandeplass. (©NPK)