Annonse

Lotteritilsynet undersøkjer om Rikstoto-styreleiar spelte ulovleg på hest

Lotteritilsynet undersøkjer om styreleiar Jan Petter Sissener i Norsk Rikstoto har drive med hestespel på kreditt.

Liv Røthe, rådgivar for pengespel i Lotteri- og stiftelsestilsynet, stadfestar overfor VG at dei vil undersøkje styreleiaren, fordi han har innrømt å ha spelt på hest, utan samtidig å betale for det.

- Vi vil be Rikstoto gjere greie for om påstandane er riktige, om at Sissener kan ha spelt på kreditt. Kommisjonærar skal sørgje for at det ikkje vert spelt på kreditt og at spel berre skjer ved at det vert betalt når spelet vert levert, seier ho til avisa.

Førebels er det usikkert kva konsekvensar det vil få, dersom det viser seg at han har levert travkupongar til ein tippekommissær på kreditt.

I spelereglementet for totalisatorspel i kommisjonæravtalen heiter det at "Spel kan berre skje mot kontant eller elektronisk betaling på salsstaden. Det er ulovleg å gi rabatt eller kreditt".

Det var Trav og Galopp-Nytt som først omtalte saka, og det var også der Sissener kom med innrømminga, som stadfestar på nytt overfor VG tysdag:

- Ja, men det kjem av at han skyldar meg pengar. Eg har trudd at når eg har pengar til gode hos kommisjonæren, så er det greitt. Eg har forstått no at du fysisk må møte opp i butikken og betale. Det har eg ikkje vore klar over. Eg har sjølvsagt tilpassa meg dette no, seier han.

Landbruks- og matdepartementet oppnemnte meklarnestoren som styreleiar i Rikstoto i 2015. Dei vil førebels ikkje kommentere saka.

(©NPK)